— Eg har vore borti mykje rart, men dette er over alle støvelskaft, hevdar distriktssekretær i Hotell- og restaurantarbeiderforbundet (HRAF) Bergen, Arild Hamre.

Det LO-tilslutta forbundet er kopla inn i striden, og det er varsla rettssaker mot hotellet, får Bergens Tidende opplyst. Blant anna skal ein tillitsvalt vera vist bort frå arbeidsplassen, og ei kvinne er sagt opp fordi hotelleiiga påstår at ho har snakka nedsetjande om arbeidsplassen.

Konflikten blei utløyst då Norlandia-kjeden i fjor vinter tilsette Ane Johnsen som ny dagleg leiar for hotellet. Ti tilsette skreiv under på eit brev til hotellkjeda for å få dagleg leiar fjerna. Tillitsvalde hevdar at ærlege uttalar som er komne i medarbeidarsamtalar er brukt imot dei som er kritiske til dagleg leiar. Også Arbeidstilsynet er kopla inn i saka.

Driftssjef Lars Thomas Røsset i hotellkjeda Norlandia ønskjer ikkje å kommentera konflikten ved Marsteinen Hotell. Han seier likevel at selskapet har «absolutt tillit» til dagleg leiar Ane Johnsen, som ifølgje Røsset i dag er tilbake etter ferie.

— Eg har fått opplyst at vi er stevna. Stevninga har ikkje nådd oss, og eg kan derfor ikkje kommentera saka, seier Røsset til Bergens Tidende.

Vinteren er lågsesong for hotellet på sørspissen av Sotra, i Sund kommune. Dei fleste tilsette har derfor gått permitterte sidan i haust. Ifølgje driftssjef Røsset i Norlandia går Marsteinen Hotell bra økonomisk, og overlever vinteren på kurs og konferansar. I sommarsesongen er det ferie- og dagsturturistar som dominerer.

— Vi har teke ut tre stevninger på vegner av dei tilsette. Det er ganske utruleg, når innhald i medarbeidarsamtalar vert nytta som oppseiingsgrunn. Dette er misbruk av medarbeidarsamtalar, seier Arild Hamre, som har fått saka oversendt til Arbeidstilsynet.