No vurderer han å stille på ei alternativ liste.

Den djupe splittinga i det største Ap-laget i Sogn og Fjordane rystar no fylkespartiet.

Populær, men utan fleirtal

Røystetala ved siste kommuneval tyda på at noverande ordførar Ernst Veum er ein rimeleg populær lokalpolitikar. Men på nominasjonsmøtet tirsdag kom han likevel i mindretal blant sine eigne.

Delegatane frå arbeidarlaga i Gaupne og Jostedal hadde reint fleirtal på nominasjonsmøtet, og stod hardt på at deira ordførarkandidat Inger Marie Evjestad skal stå aleine på toppen av lista. Utsendingane frå Luster og Hafslo arbeidarlag fekk ikkje fleirtalet med seg på eit kompromiss der noverande ordførar Ernst Veum delte topp-plassen med Evjestad.

Dermed forlet ordføraren møtet saman med resten av sine tilhengarar, og har bebuda at dei vil danne ei utbrytarliste med tidlegare arbeidarpartifolk framfor haustens val.

Personleg og geografisk

— Eg bestemmer meg i løpet av onsdag, og skal berre rådføre meg med ein del folk først, seier ordførar Ernst Veum til bt.no. - Anten vel eg å stille som ordførarkandidat på ei ny liste, eller så blir eg i partiet og godtek ein andreplass på lista. Andre alternativ finst ikkje lenger.

Veum har med andre ord gitt opp håpet om å bli Arbeidarpartiets ordførarkandidat i Ap-bastionen Luster. Han er inne i sin fjerde periode i ordførarstolen, og fekk solide 59 prosent av røystene ved siste val.

Luster Arbeidarparti var i fjor registrert med 595 medlemmer, og er det klart største kommunelaget av Ap i Sogn og Fjordane. No risikerer partiet å bli markant svekka ved ei splitting.

Bakgrunnen for striden er uklar, med både geografiske og personlege motsetnader innblanda. Frontane står mellom ulike deler av kommunen - Gaupne og Jostedalen mot Hafslo og Luster.

— Eg kjenner Ernst Veum, og veit at han er godt forankra i partiet. Det som skjer no er trist, og eg håpar at lustringane kan samlart om sakene i tida framover, seier partisekretær Ingrid Heggø i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.