ØRJAN HATTEBERG

Det heile starta med at Thorleif J. Hellesøy hadde vore ute på fisketur i Øygarden torsdag kveld. Han bur på Løfallstrand i Kvinnherad, men reiser ofte ut til familiens arnestad på Hellesøy for å fiska. Denne torsdagskvelden sette han seg som vanleg til på kaien for å sløya fiskefangsten. Måsane er faste gjestar når fiskarar kjem inn med fangst, og denne kvelden var det heilt kvitt av måsar på den vesle kaien. Hellesøy deler gjerne innmaten med måsane, difor ante han fred og ingen fare då ein svartbak ville ha litt edlare kost.

— Eg sat og sløya ein pale, og tok eit godt tak i hovudet for å kappa det av. Plutseleg kom måken farande over taket på naustet bak meg. Han tok eit godt tak om tommelen min med nebbet sitt, fortel ein lett smilande Hellesøy dagen derpå.

Ikkje lett å bli kvitt

Han blei paff av den uventa framstøyten frå den store måsen. Med fisken i den eine handa og sløyekniven i den andre, prøvde han så godt han kunne å bli kvitt den innpåslitne måsen.

— Den var mykje sterkare i nebbet enn eg hadde trudd, så det var vanskeleg å vinna brytekampen med fuglen. Samstundes flaksa den med dei store vengene over hovudet mitt. Så det var ikkje lett å bli kvitt han. Eg veit ikkje kor lenge den held taket, men den gav relativt fort opp, og fekk verken tommel eller fisk for strevet. Eg sat med kniven i høgre handa, og kunne ha stukke den rett gjennom måken om eg ville. Men det slo meg ikkje då, fortel fritidsfiskaren Hellesøy.

Dermed sat den uheldige fiskesløyaren der med blodet strøymande frå tommelen. Måsenebbet trefte tommelen like innafor neglerota, og førte til ein relativt stor straum av blod. Han fann det difor best å ta seg ein tur på legekontoret. Der blei han møtt av ein flirande lege som gav han sprøyte mot stivkrampe.

— Legen hadde aldri høyrt om at nokon hadde fått stivkrampesprøyte for måsebitt før, ler «pionerpasienten».

Dagen etter kjende han framleis verk i tommelen, men fingeren har klart seg bra etter møtet med måsenebbet. Difor føler Thorleif Hellesøy seg snarare privilegert enn som eit offer.

— Eg ser på det som ei artig oppleving. Eg hadde aldri trudd at måsen skulle vera så nærgåande, fortel han utan teikn på hemnlyst overfor måsane.

Ikkje redd måsar

Måsebittet har ikkje gjort Hellesøy redd for måsen, men han er no meir skeptisk til å by fram fisk i handa. Fornuftig nok vil han heretter ha større avstand mellom eigne fingrar og fiskerestane han byr måsen på.

Førsteamanuensis Ingvar Byrkjedal på Zoologisk institutt ved Universitetet i Bergen flirer godt over episoden.

— Dette må ha vore ein måse som gjekk litt lengre enn den hadde tenkt å gjera. Måsen må ha vore veldig svolten, og har nok ikkje heilt visst kva den gjorde. Dette er sånn som hender i eitt av tusen tilfelle. Men måsane kan vera pågåande dersom dei veit det er mat å henta. Fuglar som blir fôra av menneske kan vera tillitsfulle i fôringssituasjonen, mens det same individet er villare ute i naturen, fortel Byrkjedal. Han har aldri før høyrt om at måsar angrip menneske på denne måten, og ser ingen grunn til at folket i Øygarden skal bli redd for måsen etter dette.

FREKKE MÅSAR: Måsane og Thorleif J. Hellesøy kan framleis dela same brygge, trass den valdelege konfrontasjonen torsdag kveld.
Foto: Eirik Brekke