— Pappa. Brom, brom, ropar Sondre på to frå favorittplassen sin, eit sykkelsete som Jan Ivar har montert i hjørnet bak førarsetet i traktoren.

Eldre born kan sitja på passasjersetet, men dei minste er det tryggast å binda fast. Familien Kjelby installerte barnesetet då Sondre var 14 månader og insisterte på å få vera med.

— Det er dessutan mykje tryggare at borna sit fastspente inne i traktoren, enn å ha dei springande rundt ute under slåtten, seier Jan Ivar.

Traktorsjalusi

Då snøen lava ned over Brekke i Gulen kommune julaftan, klappa vesle Sondre ellevilt i hendene. Betre julegåve kunne poden knappast få. Sidan pappa brøyter dei kommunale vegane, er snø det same som traktortur.

Traktoren har også vore god sovemedisin for sonen på garden. Særleg når Sondre var mindre og ikkje fekk blund på auga om dagen, la foreldra han på golvet i førarhytta. Då roa han seg med det same.

— Eg trudde traktorinteressa skulle minka, men det vert berre verre og verre, fortel mora Kristin.

Fem år gamle Marta nøyer seg med ei kortare køyreøkt no og då. Nedover i rekkjene har derimot traktorbasillen vore svært smittsam. Minstejenta Lotta er ein sterk konkurrent til Sondre sin favorittplass alt før ho har fylt året. Ho vert tydeleg sjalu på storebroren og er på plass i setet så snart han tek middagslur.

Familien Kjelby er ikkje dei første på Brekke som har hatt barnesete i traktoren, men det skal mykje traktorkjærleik til for å slå Kjelby-borna som flittigaste hjelpesjåførar. Og verre skal det verta. Måndag i neste veke skjer nemleg eit sceneskifte i familien. Då skal mamma ut i full jobb som pedagogisk leiar i barnehagen på Brekke. Pappa skal heva kontantstøtta.

Hammaren på hylla

Etter ti år i tømraryrket legg Jan Ivar no frå seg hammar og spikar i minst eit år. I staden ventar papparolla på heiltid, husmorplikter og gardsarbeid. Engeset er den inste garden i dalen. Ein idyll mellom skogkledde fjell med utsikt mot sognefjordarmen Risnefjorden. Her tok Jan Ivar og Kristin over drifta for tre år sidan.

— Borna skal vera med i gardsarbeidet. Om det ikkje vert så effektivt, så får eg i alle fall meir tid med dei og betre tilsyn med garden, fortel Jan Ivar og legg til at dei skal vera mykje ute, sommar som vinter.

— For oss er kontantstøtta eit unikt høve til å prioritera borna og det er moro at Jan Ivar vil vera heime, seier Kristin.

Arbeidsgjevaren hans tilbydde seg spøkjefullt å skaffa familien au pair då Jan Ivar søkte permisjon. Sjølv ser han fram til å sy saman familiekvardagen. Dei fleste husmoroppgåvene har han kontroll på.

— Den største utfordringa vert å koma på middagar, kommenterer han.

Ekteparet ser det neste året som ei mogelegheit til å læra kvarandre sine roller og få større forståing for kvarandre sine arbeidsoppgåver. Det tek nok ikkje lang tid før dei to minste på garden ser mogelegheiter med den nye situasjonen også. Traktormogelegheiter dagen lang.