Biskopen i Bjørgvin likte ikkje det han las, då han opna søndags-BT i går: Helbredelsespredikant Svein-Magne Pedersen, som trekte fulle hus i Loddefjord kirke i helga, fortalde at han fleire gonger har prøvd å vekke døde til live igjen.

Ifølgje Pedersen finst det ingen bibelske argument for å ikkje prøve. Biskopen er usamd i dette synet.

— Her er grensa nådd, og den skal ikkje tøyast. Det er viktig å snakke sant om livet. Smerte og død høyrer livet til, og vi må ta det på alvor, seier Ole D. Hagesæther til BT.

— Du trur altså ikkje at det er mogleg å vekke døde til live igjen?

— Det finst bibelske vitne for at døde er vekte opp igjen, men desse forteljingane i Bibelen kan ikkje vi menneske repetere. Dei høyrer berre dei bibelske personane til, og er ikkje gitt oss menneske.

- Får ikkje oppfølging

Bergensbesøket til Pedersen, som hevdar at han kan helbrede alt frå vorter til AIDS, har fått mykje omtale. Årsaka er at den omstridde, karismatiske evangelisten for første gong er blitt invitert inn i statskyrkje-varmen.

Biskopen understrekar at også han trur på helbredelse gjennom ved bøn.

— Dette kjenner eg både frå Bibelen og mitt eige liv. Eg har sjølv bedt for sjuke og sett at dei er blitt friske.

Men etter hans syn må folk som får forbøn få oppfølging, dersom resultatet ikkje blir som dei håpar. Derfor bør det knytast til ein kristen fellesskap.

— Pedersen reiser frå stad til stad, held store møte og folk strøymer til frå alle kantar. Så reiser dei heim, og han vidare. Han har sjølv sagt at det er umogleg for han å følgje dei opp, seier Hagesæther.

- Skadar forholdet til Gud

Pedersen hevdar at han har kurert 40.000-50.000 menneske, og at han klarar å helbrede 10 prosent av dei han ber for. Hagesæther seier han tek tala til etterretning, men legg til at han trur Pedersen har evne til å helbrede gjennom bøn.

— Men dersom 90 prosent ikkje blir friske, går veldig mange skuffa derifrå. Dei har investert mykje i trua på at dei skal bli friske igjen. Når ingenting skjer, blir eit trygt forhold til Gud skadd, og dei lever vidare med sjukdomen og nederlaget: Trua var ikkje stor nok, seier Hagesæther til BT.

— Folk kan bli skuffa når dei går til lege også, men dette er annleis: Det har med Guds-forholdet å gjere. For endå viktigare enn sjukdom er forholdet til Gud.

- Ikkje rette staden

I utgangspunktet var ikkje biskopen glad for at Loddefjord kirke ville invitere Pedersen til å halde møte.

— Mitt råd var å ikkje gjere det, men eg ville ikkje overprøve vedtaket i kyrkjelydsrådet, seier Hagesæther til BT.

— Eg trur ikkje Loddefjord kirke er den rette staden for dette. Dei arbeider for ein opnare, meir karismatisk profil, men dette kan vere med på å skape spenningar, som ikkje burde vere der. Pedersen er pinsevenn med ein annan teologi, og gjer betre teneste andre stader. Men no er det mitt ansvar å følgje opp, og ikkje gjere ting vanskelegare.

NY HELSEKØ: Både laurdag og sundag stod folk i kø i fleire timar foran Loddefjord kirke, for å kome inn på helbredelsesmøte med Svein-Magne Pedersen. Mange måtte snu i kyrkjedøra, fordi det var for fullt.
Gidske Stark