Biskopen i Bjørgvin, Ole H. Hagesæther godtek den nye bustadblokka mot at han får eit ord med i laget i utforminga av bygget, melder Firda.

Klarsignalet frå biskopen til Naustdal kommune kom i går, etter at biskopen først sa nei. Han var redd byggjet ville bli for dominerande for kyrkja.

Problemet har vore at ein del av det planlagde bygget kjem innanfor 60-meters grensa rundt kyrkja. Då tillet lova at biskopen kan leggje ned veto.

Viktig for Naustdal

I går var representantar for biskopen og kommunen samla til mekling hos fylkesmannen. Då blei det klart at utbyggjar Helge Thune skal få reise bygget slik han har søkt om. Men ikkje utan vilkår.

– Bygget skal brytast opp i ulike etasjar slik at det ikkje skal framstå som like massivt, seier Helge Taranrød, stiftsdirektør i Bjørgvin bispedømme som deltok i forhandlingane.

Sjølv er biskopen i Portugal for å vitje sjømannskyrkja. Bispedømmet nådde ikkje fram med ønsket om eit mindre bygg.

– Det er behov for utvikling i Naustdal sentrum. Det var utslagsgjevande for at vi inngjekk løysing med kommunen, seier Taranrød.

Balkongnekt

Sjølv om biskopen tapte volumkampen, gjekk han slett ikkje tomhendt frå forhandlingsbordet.

– I reguleringsplanen skal bygget vere underordna kyrkjebygget, og ein skal ta sterkt omsyn til kyrkja og kyrkjegarden. Her skal vi vere tidleg inne i prosessen og ha eit ord med i laget, seier Taranrød.

Biskopen har mellom anna sørga for at dei framtidige bebuarane ikkje får nyte utsikta frå balkong.

– Vi var bekymra for balkongar som ville strekkje seg utover kyrkjegarden. Det ville vere uheldig både for dei som eig balkongen og dei som har gravene sine der. Det blei tatt omsyn til, seier Taranrød.

Ikkje kvitt bygg

Bispedømmet har ikkje nokon klar «favorittfarge» for det nye bygget, men kvitt blir det ikkje.

– Det er viktig at fargevalet tonar ned bygget, slik at kyrkja framleis er dominerande. Kvitt vil derimot skape konkurranse med kyrkja, seier Taranrød.

Nybygget vil ha plass til 20 bustadeiningar. Utbyggjar er nøgd med korleis saka løyste seg.

– Dei endringane vi må gjere er heilt greie for oss, seier Thune til Firda.

Også ordførar Håkon Myrvang er glad for byggjeprosjektet. Han håper det vil sikre kommunen fleire innbyggjarar.

FÅR BESTEMME: Biskopen i Bjørgvin, Ole D. Hagesæther, får velje farge og materialval på ny bustadblokk i Naustdal.
Bergens Tidende