Med halvannan times roleg køyring er det ikkje stort lenger enn det var til Bergen før Arnatunnelen vart bygt. Vegen sørover frå Voss har vorte både snøggare og tryggare dei siste åra. Ein lang og rett tunnel fører trafikken utanom den bratte og svingete vegen i Skjervet. Hardangerfjorden er gjort unna på to-tre minuttar over brua der det før var ferje med ventetid på kaien.

Mellom Kinsarvik og Lofthus går vegen i tunnel utanom eplehagane og gjer livet tryggare både for bønder og turistar.

Både i Ullensvang, Eidfjord, Granvin og Ulvik har nedgangen i folketalet snudd. Folk har fått ny tru på framtida.

Øvst på lista

Slik om lag ser Magnar Lussand sin visjon for Rv 13 ut. Den tidlegare fylkesordføraren, som er frå Granvin og representerer Senterpartiet, er mellom dei fremste stridsmennene for ein opprusta og tenleg Rv 13, der Hardangerbrua som bindelekk over fjorden er det sentrale elementet.

Hardangerbrua har i mange år alt stått øvst på Hordaland fylkesting si ønskjeliste over vegplanar. Mange ønskjer brua for å få ein snøggare veg mellom Bergen og Oslo. Ein del av den visjonen er tunnelar under dei mest utsette strekningane på Rv 7 over Hardangervidda. Det vil gjera aust-vest-sambandet meir vintersikkert og samstundes føra til mindre konflikt med villreininteressene.

Brutal nedgang

— Men Hardangerbrua vil vera like viktig for eit betre nord-sør-samband, med ein indre stamveg heilt frå Kristiansand og oppover mot Voss og Indre Sogn. Slik sett vil Hardangerbrua vera viktig langt ut over nærområdet i Indre Hardanger, seier Magnar Lussand.

Han deler denne visjonen med ordførar Bjørn Christensen i Voss.

— Indre Hardanger har opplevd ein brutal nedgang i folketalet. Gjennomsnittsalderen stig. Betre kommunikasjonar innan regionen og med omverda vil gjera det meir attraktivt for unge menneske å bli verande.

n Pris for visjonen om Rv. 13 Odda-Voss: 3 milliardar kroner.