– Ingen grunn til å droppa den årlege ny-bilutstillinga fordi om bilsalet går tregt for tida, seier Magne Dale.

Kanskje er nettopp den dalande mark-naden ein ekstra god grunn til å halda på tradisjonen.

Bra år likevel

Dale er leiar for bilbransjen på Voss. Han ser ingen grunn til å svartmåla situasjonen.

– Vi hadde ein god start på året, og 2008 kan for mange bli nest beste året gjennom tidene, sjølv om det buttar imot no. Berre dei som samanliknar blindt med salstala for det uvanleg gode fjor-året, og har budsjettert med ytterlegare auke, har grunn til å fortvila, seier Dale.

Forbilledleg

Ei helg i året slepp kundane å køyra bygda rundt for å samanlikna bilar og prisar. Sjølv om bilforhandlarane på Voss konkurrerer så busta fyk, kan dei på forbilledleg vis snakka med kva-randre, og laga tilskipingar som denne.

– Her har andre bransjar i bygda ein del å læra, kommenterer Dale.

Bilutstillinga er lagt til helga før Smalahovetreffet i år. Det gir færre personar innom, men dei som kom i dag var meir genuint interesserte i bil, meiner bilseljarane. Demonstrasjonsbilane stod ikkje lenge stille utanfor idrettshallen før ein ny potensiell kunde la ut på prøvekøyring.

FELLESLØFT: Nye bilar av ulike merke på eitt golv.
¿ Ingen grunn til å droppa den årlege ny-bilutstillinga fordi om bilsalet går tregt for tida, seier Magne Dale.