Ein bil som køyrte rundt i Fusa utan skilt, vart stoppa av politiet i Eikelandsosen kring midnatt natt til søndag.

Det var ikkje berre skilta som mangla ved bilen. Bak rattet sat ein førar med promille. Ikkje hadde han sertifikatet heller, ettersom føraren, ein ungdom frå Fusa, berre var sytten år.

— Det meste var gale med den køyreturen, seier lensmann Lars Erik Dalland.