Etter eit slik tjuveri i Noreg må gjerningsmennene rekne med at politiet er på utkikk etter bilen, og at registreringsnummeret dermed kan bli kontrollert dersom ein bil som liknar skulle dukke opp — for eksempel på ein grenseovergang.

Å utstyre bilane med registreringsnummeret frå nesten identiske bilar som ikkje er meldt stolne vil difor vere ein god metode for å sleppe unna politiets mistanke og kunne køyre bilane uhindra gjennom Europa og austover.

— Dersom BMWen og Mercedesen er stolne, er det ein nærliggande tanke at vi har å gjere med organisert bilsmugling, seier kammaråklagare Jörgen Bengtsson - statsadvokat i Halland - til BT.

Innan klokka 12 i dag skal han ta stilling til om han skal krevje at den arresterte 26-åringen frå Bergen, som har dansk pass, blir varetektsfengsla.

— Vi driv ei ganske intensiv etterforsking rundt desse bilane no. Vi håpar å ha ein del svar innan i morgon, sa Bengtsson i går ettermiddag. Eit titals politifolk arbeidde då med saka.

Norsk politi har fått spørsmål frå svensk politi både om dei to bergensarane som sat bak rattet og om bilane dei køyrde, spørsmål som dei i går ikkje hadde svart svenskane på på.

Ei av oppgåvene er å sjekke opp chassisnummeret på bilane mot det norske biltilsynets register, for på den måten å finne ut om dei rettmessige eigarane finst i Noreg eller om bilane har anna opphav.

Politiets teknikarar arbeidde også vidare med å analysere innhaldet i metallflaska som vart funne i Mercedesen og som viste seg å vere ei ferdiglaga bombe.

— Eg ønskjer ikkje å kommentere kva vi har funne ut om sprengstoffet så langt, seier kammaråklagare Bengtsson.

Han ville i går heller ikkje svare på kva politiet trur bomba og fenghettene skulle brukast til.