• Al Qaida bør sprenge heile lensmannskontoret i Førde i lufta, skal den irriterte bilseljaren ha sagt til politibetjenten som ville gi han fartsbot.

PER MARIFJÆREN

Bilseljaren i Førde skal ha forulempa og truga ein politibetjent som ringte han om råkjøringa i april i år. Dette er kva som blei sagt, ifølgje siktinga til politiet:

«(...) han skulle lage et helvete for NN (politibetjentens namn) samt gjøre livet surt for ham, samt at Al Qaida burde sprenge lensmannskontoret siden ingen ville savne det, og forulempet NN således under hans lovlige utførelse av tjenesten.»

Overfor Bergens Tidende stadfestar bilseljaren at han vart oppringt av politibetjenten og skulda for råkjøring som skulle ha skjedd to dagar tidlegare. Bilseljaren avviser kategorisk å ha truga eller forulempa politimannen.

— Eg sa berre at det ikkje hadde gjort noko om Al Qaida hadde sprengt lensmannskontoret, fordi dei ikkje kan brukast til noko likevel, seier mannen, og viser til ei sak på 90-tallet der han meldte ein bransjekollega for svindel med blant anna kilometertellarar på brukte bilar.

- Heilt hinsides

— Lensmannen la berre saka vekk, og tok den først fram igjen da Fokus Bank fem år seinare politimeldte dei same forholda, fortel bilseljaren.

Han seier han tapte store summar på at det gjekk så lang tid før konkurrenten vart slått konkurs og domfelt.

Den opphavelege farts-saka har politiet lagt vekk. Men seljaren må likevel stille i retten, for å ha truga og forulempa ein politimann. Bota på 2500 kroner nektar han å vedta.

— Sjølvsagt vil eg ikkje vedta ei slik bot. Det er heilt hinsides. Eg kjem til å melde lensmannen til Sefo dersom eg må møte i retten, seier bilseljaren.

— Det var ikkje eg som truga politibetjenten, det var omvendt. Han sa at han hadde kjørt bil bak meg to dagar tidlegare, og at eg skulle få sleppe med eit fartsførelegg dersom eg tilstod. I motsett fall truga han med at eg ville misse førarkortet, seier bilseljaren. - Kvifor stoppa han meg ikkje der og da, og kvifor tok det to dagar før han ringte?

Feil namn

Bilseljaren seier at han heller ikkje har sett korkje siktinga eller stemninga frå Sunnfjord tingrett, der saka skal opp 20. oktober. Men han stadfestar å ha motteke eit brev frå domstolen. Det sende han i retur, uopna.

— Det var ikkje mitt fornamn på sendinga, eller så var det feil stava. Eg sende brevet i retur til domstolen, for det var jo ikkje i mitt namn, seier han.

Førde-lensmann Kjell Fonn stadfestar overfor Bergens Tidende at bilseljaren meldte sin bransjekollega fleire år før vedkommande faktisk vart etterforska og domfelt.

— Det stemmer at den meldinga vart lagt bort. Avgjerda vart tatt på vanleg måte av ein av juristane i politidistriktet, seier Fonn.

Ut over dette ønskjer han ikkje å kommentere saka der ein av betjentane i Førde altså skal blitt truga og trakassert av bilseljaren.