Skiltet som forbyr ferdsel på flystripa på Voss vart sett opp att i dag. Korkje flyklubben eller flyplassjefen bryr seg lenger om skiltet er lovleg eller ikkje.

— Det viktigaste er at rånarane held seg unna, seier nestleiar i Voss Flyklubb, Steinar Vinje.

Må få ein smekk

Sidan det ikkje ser ut til å hjelpa med mildare tiltak, må eit kraftig oppgjerd med politi og påtalemakt til, meiner Vinje.

— Aktiviteten deira kan verta direkte årsak til flyhavari med fatale konsekvensar, påpeikar han.

Assisterande flyplassjef Knut Kalvik opplyser at Bømoen har om lag 3000 rørsler (letting/landing) i året, og er den mest trafikkerte i landet av flyplassar utan rutefly. Største flya tek 20 passasjerar/fallskjermhopparar. Mange kortbaneflyplassar på rutenettet har langt mindre trafikk.

Artikkelen held fram under videoen!

Ferska natt til sundag

Sju rånarar vart tekne på fersken på nattetid i helga, men politiet er komne i tvil om straffeheimelen sidan forbodsskilt mangla i Flyplassvegen, den viktigaste tilkomstvegen.

For å vera sikre på at neste rånargjeng som blir ferska, får seg ein skikkeleg smekk, er eit skilt no på plass.

Same skilt, ny plass

Dette er same skiltet som tidlegare vart teke ned etter ordre frå Statens vegvesen.

— Har de fått lov no?

— Vi har ikkje spurt. Og vi tek det ikkje ned att. Meiner nokon det er ulovleg, får dei ta det ned sjølve, og ta ansvaret for eventuelle ulykker.

— Er situasjonen endra?

— Vi har tolka det slik at skiltet var feilplassert sist, rett under to opplysningsskilt. No prøver vi med plassering under eit fareskilt. Så får vi sjå kva som skjer. Det viktigaste må vera å hindra ulykker.

Les også:

Manglar skilt mot flyplassråning

Ute av syne

Skiltet stod tidlegare i vegkrysset ved Statens vegvesen sin trafikkstasjon. Det er identisk med skilt som står langs andre vegar inn mot flyplassen, men berre dette eine vart forlangt fjerna. No er det altså kome opp att, litt nærare flyplassen, så vidt forbi innkøyrsla til vegvesenet.

Forsvaret eig flyplassen på Bømoen, men Voss kommune har sikra rett til sivil bruk i ein makebyteavtale om skytefeltet på Mjølfjell. Ein tilsett i rådmannen sin stab er flyplassjef, men assisterande flyplassjef Karl Kalvik har det daglege tilsynet.

Er skiltet eller rånerene farligst? Kom med dine sysnpunkter under.