1. februar blir det blir billigare å køyre over Askøybrua for dei som ikkje har rabattavtale, melder Kystradioen.

Det er klart etter at vegdirektør Olav Søfteland i dag har avgjort kva bompengeordning som skal gjelde for Askøybrua.

Som ein spesialordning for Askøybrua vil bilistar som ikkje har Autopass-brikke i frontruta likevel få 30 prosent rabatt.

— Vi har fått til denne spesialordninga for å hindre at ordninga med papirbillettar skal bli ført vidare parallelt med innføring av Autopass, seier Søfteland til Kystradioen.

Askøy kommune og Hordaland fylkeskommune skal nå gje uttale til avklaringa frå vegdirektoratet. Først når uttalene er levert inn vil rabattavtalen bli endeleg godkjent.