Ein bunke slike billettar vart borte frå Turistinformasjonen i Voss Tinghus natt til tysdag.

Politiet har pågripe tre unge gutar på fersk gjerning under innbrot i ein kiosk ved Langebrua. Dei har tilstått reine innbrotsraidet.

I Tinghuset har dei vore innom fleire stader, og stole snop og pengar i tillegg til rundreisebillettar Voss-Myrdal-Flåm-Gudvangen-Voss.

På Hotell Jarl skal dei ha stole jakker og nøklar.

Gutane har vore i nærkontakt med politiet før. To av dei er under den kriminelle lågalderen.