Mellom Bergen og Stavanger vil passering av fire bomstasjonar og ferja Halhjem-Sandvikvåg truleg koste godt over 400 kroner. Omtrent same prisen som det i dag kan kjøpast flybillett for.

Strekninga Nordfjordeid-Bergen vil medføre fem bomstasjonar og to ferjer. Totalt vil det truleg koste kring 300 kroner. Blir bensin og slitasje på bilen rekna inn i prisen, er fly frå Sandane til Flesland også i dette eksempelet eit rimelegare alternativ.

Takstane som bilistane skal betale på dei mange bomstasjonane langs E39 er ikkje endeleg fastsette. Men i dokumentet som vestlandspolitikarane måndag overleverte sine politikarkollegaer på Løvebakken, blir det antyda prisnivå på dei fleste bompasseringane.

Dei tre bommane mellom Halhjem og Bergen vil truleg koste kring 20 kroner kvar. Same pris er det snakk om på bomstasjonen ved Førde. På dei andre tre bomstasjonane i Sogn og Fjordane blir det meir å punge ut. Kvivsvegen blir den klart dyraste. Her kan du risikere å måtte bla opp 160-180 kroner.