• Dersom Stortinget seier ja til Hardangerbrua før 1. desember, kan prisen på brua verta nær 100 millionar kroner lågare.

Det er ordførar Solfrid Borge i Ullensvang som seier dette til Bergens Tidende.

— Vi har kjøpt ein renteopsjon på 5,5 prosent. Den gjeld til utgangen av november i år. Det vil seia at vi får byggjelån til 5,5 prosent rente dersom Stortinget innan denne tid gjev sitt ja til Hardangerbrua, seier Solfrid Borge. Hardangerbrua er kostnadsrekna til nær 1,7 milliardar kroner. Men i det reknestykket går Vegdirektoratet ut frå ei rente på 6,5 prosent. Det er skilnaden mellom 6,5 og 5,5 prosent som utgjer ca. 100 millionar kroner.

— Vi gjorde greie for dette i Samferdsledepartementet i går. Og samferdsleminister Torild Skogsholm lova oss å setja fullt trykk på handsaminga av brusaka, slik at ho kan leggjast fram for Stortinget i den noverande stortingsbolken, seier Solfrid Borge.

Det var eit heilt sendelag frå Hardanger og Hordaland som møtte samferdsleministeren i går. Ordførarane frå seks av dei sju Hardangerbru-kommunane pluss fylkesvaraordførar Tom-Christen Nilsen, Einar Lutro frå Hardangerbrua AS og Sverre Kleivkås frå Aksjon Hardangerbru hadde tatt vegen over fjellet.

— Vi gjorde greie for vonbrotet over at Hardangerbrua ikkje kan handsamast i det noverande Stortinget. Vi meiner framleis at dette har vorte lova, og at vi har vorte utsette for lovnadsbrot. Og truverdet til politikarane har fått seg ein knekk.

— Men no vel vi å sjå optimistisk på framtida. Og vi trur samferdsleministeren når ho lovar at Hardangerbrua skal leggjast fram for det noverande Stortinget etter sommaren. Men då vert det altså opp til det nye Stortinget etter valet å avgjera saka, seier Solfrid Borge.