To millionar offentlege kroner er det som skal til for å driva kabelferja mellom nord— og sørsida i Masfjorden utan billettinntekter. I samferdsels-Noreg er det lommerusk, og knapt nok det.

For denne vesle summen kan det leggjast inn fleire avgangar enn i dag, tidlegare start om morgonen, og ordning med tingingsferje nattetid.

Kor mykje ho enn ville, i desse valkamptider, hadde samferdsleministeren likevel ingen lovnad med seg då ho møtte partifellar frå Masfjorden Senterparti på Mongstad tidlegare denne veka.

Bed om velvilje

Lokallagsleiar Odny Daae og eks-ordførar Erik Riisnes, forsterka av mellom anna Høgre-ordførar Håkon Matre, gjorde likevel det dei kunne for å overtala Navarsete. Det eine argumentet etter det andre vart lagt fram for at nett Masfjorden no fortener litt velvilje frå samferdslestyresmaktene.

Erik Riisnes peika mellom anna på at Senterpartiet kan trengja litt ekstra oppdrift i Masfjorden etter at partiet, ved Sverre Helland i Lindås, sytte for at stamvegen tok feil retning på 70-talet.

Dessutan har Masfjorden sin del av konsesjonskraftmidlane til fylket gått til bruer og tunnelar i Hardanger og Sunnhordland dei siste åra.

Masfjorden slit og med å halda oppe innbyggjartalet. Gratis ferje mellom nord- og sørsida gjer det lettare å bu og leva i Masfjorden, mellom anna for pendlarar til næringsområdet i Sløvåg og Mongstad.

Nytt i statsbudsjettet

Kravet om gratisferjer har kome høgt og sterkt frå heile kysten i mange år. I Hordaland er ferja til Fedje omtala som ein sterk konkurrent til kabelferja. I vår varsla så samferdsleministeren ei utgreiing om prøvedrift med gratisferjer. Ho seier at regjeringa vil koma attende til dette i samband med statsbudsjettet for 2008.

— Der vil vi avgjera om vi skal gå vidare med saka mot ei ordning med prøvedrift. Dersom konklusjonen vert positiv, kjem neste steg: Å finna fram til det eller dei ferjesambanda vil skal prøva ut. Vi vil i så fall finna fram til to eller fleire ulike ferjesamband, seier Navarsete.

Men på spørsmål frå BT vil Navarsete no ikkje eingong stadfesta om det faktisk vert prøvedrift.

— Men regjeringa er positiv til tanken. Elles hadde vi ikkje gått i gang med å greia ut dette, legg ho til.

ARKIV