Dampen slår imot oss. Dette er lukta av kongepokal, talent og ung iver.

Fremst i lokalet går skvalderet høglytt over pizza og brus, litt lenger inne i lokalet er det meir lågmælt. Berre dei skarpe smella frå harde kuler bryt gjennom frå dei fire borda inst i lokalet.

Vi er i biljardsalongen i Sørbøvåg, Hyllestad. Det er ein biljardsalong fri for klisjear som øl, røyk og lugubre gjester. I lufta ligg snarare den pubertale eimen av Grandiosa og sørpevåt buksesleng.

Landslag

Hyllestad kommune er typisk utkant med fattige 1537 innbyggarar. At ein kameratgjeng tidleg på 90-talet spleisa på biljardbord skulle få uante konsekvensar.

I dag er det berre fotballgruppa som har fleire aktive enn biljard i Hyllestad IL. Men der fotballgutta kjempar for tilværet i 6. divisjon, har biljardungdommen nettopp sikra seg opprykk til den nasjonale eliteklassen i Norgescupen.

Tommy Wolff (16) er rekna blant landets største talent, og er einaste junior som konkurrerer i eliteklassen. Han har allereie sikra seg bronse i Nordisk meisterskap og spelt seg fram til kvartfinale under EM i Budapest sist august.

Og han er ikkje aleine. Også klubbkameratane Jan Erik Hatlem og Olav Gravdal opererer på landslagsnivå i gute— og juniorklassen. Og sjølv om den 19-årige Hyllestad-jenta Iselin Herland i år spelar for Bergen Biljardklubb, er moderklubben med rette stolt over kongepokalen ho henta heim frå NM i Trøndelag sist helg.

— Biljard har blitt stort i Hyllestad. Miljøet er godt, salongen vår er ein samlingsplass for mange unge. Og vi har mange talent, og mange har lysta til å bli gode, seier leiar for gruppa, Kurt Hatlem, som var ein av intitativtakarane for meir enn ti år sidan.

Skambank i Bergen

Biljardsalongen er eit tidlegare samvirkelag-bygg, og blir i desse dagar utvida med to nye bord. Byggeverksemda inne legg ingen dempar på aktiviteten.

Dei yngste er i 10-årsalderen, og ved sesongstart sist haust kom nesten femti av purunge ferskingar på spelekveldane. Men no er mindre enn halvparten av alle desse håpefulle tilbake. Heldigvis, meiner klubbleiaren, som slett ikkje har kapasitet til slike mengder nye aktive på ein gong.

— Dei får ei viss rettleiing i starten, og så får dei berre spele og prøve seg fram. Først når det heilt grunnleggande er på plass, er det tid for å trene på enkeltdeler av spelet, seier Hatlem, som gjev biljardmiljøet i Bergen ein stor del av æra for utviklinga i Hyllestad.

— Heilt frå starten tok dei imot oss, slik at vi fekk matche oss mot deira beste. I fleire år tok vi bank mot deira gode spelarar, men det var einaste måten vi kunne heve oss til nivået vi har i dag, seier Hatlem.

Fremst blant talenta i klubben står altså Tommy Wolff, som også har habile søsken i storebror Rudi og stortalentet Steffen på 13 år.

— Men det er fleire. Vi har så mange gode i toppen på B-klassen no at vi garantert vil ha fleire spelarar på elitenivå innan få år, meiner Hatlem.

Kongepokalen

Men hittil er det ei jente som har gjort det aller best. Sist helg henta ho heim det gjevaste trofeet under biljard-NM i Heimdal. Herland er vaksen opp i Hyllestad, og gjev miljøet der mykje av æra for kongepokalen ho sikra seg - sjølv om ho siste året har reprensentert Bergen.

— Eg spelte mot Line Kjørsvik som er norges antatt beste, og fekk verkeleg testa meg, fortel Iselin. - Ho hadde eit støyande og seiersvant heimepublikum, lokal-tv og fullt trøkk i ryggen. Dei fleste trudde nok kampen var avgjort da ho leia 6-4. Men eg klarte å tenke positivt og ta ut mitt aller beste. Eg overraska til og med meg sjølv.

— Kva er så fascinerande med dette spelet?

— Det er spenninga, alle dei ulike tinga som må klaffe for å lukkast. Og ikkje minst det sosiale, å treffe massevis av ulike folk, seier 19-årige Iselin, som er kokkelærling på SAS-hotellet når ho ikkje trenar i Bergen Biljardklubb sine lokale i Marken.

Neste store oppgåve blir EM i Praha i mars.

— Om eg spelar veldig bra, kan eg kanskje klare ein plass blant dei åtte beste, meiner ho.

På lengre sikt er det klart at utlandet kan friste ein ung, talentfull biljardspelar. Pengane ligg i USA. Men Iselin er uansett bestemt på å utvikle seg her heime i fleire år enno. Så får ho sjå om sjansen byr seg, og om ho vil ta den.

Vel har biljarden her i Hyllestad tatt heilt av. Men beina er framleis på jorda.

HEILT KONGE: Iselin Herland tok heim kongepokalen frå NM sist helg, og er eitt av dei mange talenta biljardmiljøet i Hyllestad har fostra. I år spelar ho for Bergen Biljardklubb.<br/>Foto: ODDLEIV APNESETH