Smulane frå staten går til vegar i distrikta. Det går fram av forslaget til Nasjonal Transportplan, som vart lagt fram torsdag.

– Etter forslaget vil Hordaland fylke få 113 millionar kroner pr. år frå staten i perioden 2010 til 2019. Til saman 1130 millionar kroner. Det er godt under halvparten av det fylket får no, seier Per Steffen Myhren hjå Statens vegvesen.

Samstundes har Bergen og kommunane i vest og nord vegplanar for 7-8 milliardar kroner liggjande meir eller mindre ferdig utgreidde.

Signala frå dei sentrale samferdslestyresmaktene går ut på å tappa det såkalla «bompengepotensialet» i byar og tettbygde strok. Statens eigne pengar skal brukas i distrikta, der det er lite bompengar å henta.

God betalingsevne

I forslaget til Nasjonal Transportplan er dette formulert slik:

«Statens vegvesen anbefaler å bruke bompengefinansiering i størst mulig grad der trafikkgrunnlaget gir rom for dette. De statlige midlene bør i større grad brukes der det ikke er mulig med bompengefinansiering».

På denne bakgrunn verkar det som om det nye vegsambandet til Sotra har små sjansar til å få noko som helst frå staten. Dagleg leiar i Sotra Øygarden Bergen AS, Ole Johan Sagen, har heller ingen store illusjonar om at det er noko å henta. Men med 25.000 bilar i døgnet i dag, og jamt stigande mot 30.000, er det små problem med eigenfinansiering av det nye sambandet.

Jamt stigande

100 prosent bompengebetaling er og mogleg på Askøy for vegpakken til ca. 1 milliard kroner. På Askøybrua ligg den daglege trafikken på rundt 15.000 bilar. Også her er tendensen jamt stigande. Men eit nytt ja til bompengar på brua sit langt inne hjå askøyværingane.

Det same kan seiast om bompengar på Nordhordlandsbrua. I alle fall dersom det vert klårt at Nyborgtunnelen ikkje får statlege midlar. Men trafikkgrunnlaget på Nordhordlandsbrua, ca. 14.000 bilar i døgnet, og jamt stigande, er stort nok til at staten sine riksvegpengar fer andre stader.

400 millionar i året

2. byggjesteg på Ringveg vest, og Bybane frå Nesttun til Lagunen høyrer til det som ein i Bergen gjerne har kalla Bergensprogrammet del 2. For tida strøymer bompengane inn til Bergensprogrammet del 1, ca. 400 millionar kroner i året, for å betala fyrste del av Ringveg vest og Bybana frå Byparken til Nesttun.

Bompengane til dette vert kravde inn til og med 2015. Her kjem det riksvegpengar i tillegg.

Men det finst ikkje utsikt til ei einaste krone frå staten til framhaldet på Ringveg vest og Bybana. Slik Per Steffen Myhren ser det, må det finansierast med bompengar frå 2016. Med dagens inntekt vil det ta fire til seks år.

Vil du betale meir for betre vegar? Diskuter saka her!

GOD BOMPENGEBRU: Nordhordlandsbrua har 14.000 bilar i døgnet. Og det aukar jamnt.ARKIV: HELGE SKODVIN
Bergens Tidende
GOD BOMPENGEBRU: Askøybrua har 15.000 bilar i døgnet. Snart er det 20.000. ARKIV: TOR SPONGA
BERGENS TIDENDE
GOD BOMPENGEBRU: Sotrabrua har 25.000 bilar i døgnet. Snart er det 30.000. ARKIV: RUNE BERENTSEN
Bergens Tidende