– Det ser slik ut, ja, seier Lars Gunnar Lie.

Prisen for eit nytt Sotrasamband vert truleg på minst to milliardar kroner.

– Du tek ikke for sterkt i då, seier Statens vegvesen sin prosjektleiar, Magnus Natås. Torsdag kveld orienterte han dei samla kommunestyra i Øygarden, Fjell og Sund om planstatus for Sotrasambandet.

Lars Gunnar Lie, med røynsle m.a. som samferdsleminister i Syse-regjeringa 1989-90, har ingen illusjonar om ekstraordinære løyvingar frå staten gjennom Nasjonal Transportplan.

Som styreleiar i Sotrasambandet AS har han likevel ikkje lov å gje opp vona om ein statleg skjerv. Men med si røynsle frå vegpolitikken ser han at dei riksvegpengane Hordaland er tildelt gjennom forslaget til NTP forlengst er bundne opp.

Og i NTP er ikke nytt vegsamband til Sotra nemnt med eit einaste ord.

Slik sett er Sotrasambandet i godt selskap; — med Ringveg 2. byggjesteg, Bybana Nesttun-Lagunen og Nordhordlandspakken.

Tilråding i juni

Men same kva, så må Sotrasambandet byggjast. For eit par dagar sidan vedtok difor styret at det må skipast eit seminar for å sjå nærare på korleis det nye fastlandssambandet kan finansierast.

– Tenkjer du deg til dømes eit OPS-prosjekt, med privat kapital og seinare overdraging til staten?

– Det er eitt av alternativa vi må sjå på. Vi må starta arbeidet no med å førebu ein bompengesøknad. I juni vil vegvesenet koma med si tilråding for trasévalet. Venteleg vil då kommunane gjera vedtak mot slutten av året. Fyrst då kan vi begynna å sjå litt meir detaljert på kva anlegget vil kosta. Dette betyr at ein bompengesøknad truleg ikkje kan leggjast fram for Stortinget før i 2010, seier Lars Gunnar Lie.

Opning i 2016

– Og når skal snora klyppast?

– Vi tek sikte på anleggsstart i 2013, og då skal vi vera ferdige i 2016. Om åtte år frå no.

Lie, som og har ei fortid som medlem av finanskomiteen på Stortinget, legg vekt på at Sotrasambandet må vera fullfinansiert frå A til Å når anlegget startar. Det vil sikra maksimal framdrift. Stortinget sitt bompengevedtak skal utgjera garantien for naudsynte låneopptak.

Bergens Tidende
Bergens Tidende