Aarvik var på veg frå Årdal til Lærdal måndag morgon då han skimta steinblokka som suste nesten sidelengs gjennom lufta.

Ein augneblink seinare knuser steinen frontruta og ramlar vidare mot fjorden.

Som ein skugge

— Han ramla veldig fort, eg såg han nesten berre som ein skugge. Steinen var stor, kanskje halvannan eller to meter i diameter, seier Aarvik.

Steinblokka traff rett framfor førarsetet, over frontruta. Hadde han truffe nokre hundredelar tidlegare eller seinare, ville Aarvik mest sannsynleg ikkje ha sluppe frå det med livet. Han tek likevel hendinga med stor ro.

— Det var ein stor stein, men det gjekk bra, seier han sindig.

— Kva tenkte du etterpå?

— At det gjekk greit. Eg tenkte at det gjekk bra denne gongen, seier Aarvik.

Det har vore mange steinras i Sogn og Fjordane den siste tida. For berre eit par veker sidan omkom ei kvinne på Fatlaberget i Sogn.

Forsinka på jobb

Landmålaren Aarvik i Norconsult fekk skyss rett på jobb etter skrekkopplevinga si.

— Eg vart litt sein, seier han.

Han har arbeidd med tunnelar dei siste 30 åra, og har opplevd litt av kvart.

— Eg har vore ute for steinras frå tunneltak tidlegare, men aldri slike store blokker, seier Aarvik.

Hendinga ved Naddvik på riksveg 53 vil setje seg i minnet for godt.

— Eg køyrer der kvar dag, og kjem nok til å hugse det kvar gong eg ser staden att, seier han.

Har du opplevd steinras? Del dine erfaringer med bt.no-leserne i feltet under!

Svein Ove Lingjerde