-
ULYKKESSTEDEN: Fotografert frå Balestrand-sida.FOTO: Robert Jan Leerink
Bilførar skadd i ulukke
Ein person er send i luftambulanse til sjukehus etter ei trafikkulukke på riksveg 55 mellom Sogndal og ferjestaden Hella.
AV: terje ulvedal
Publisert:
Oppdatert:
Det var ein trailer og varebil som støytte saman. Kollisjonen skjedde ifølgje sognavis.no like ved Kvinnafossen, kring ein kilometer aust om Hella.
Operasjonsleiar Stige Inge Haugen ved vaktsentralen til Sogn og Fjordane politidistrikt opplyser at det er føraren av varebilen som er skadd. Politiet kjenner ikkje til kor alvorleg skadene er.
Politiet fekk melding om ulukka like før klokka ti. Både politi, ambulanse og brannmannskap rykka ut.
Riksvegen er framleis steng, men politiet reknar med at vegen vil bli opna om kort tid.