– Mannen har hytte i området, og reiste opp dit før vegen vart stengt på grunn av uværet. No i formiddag skulle han kjøre ned igjen til Årdal, men vart sitjande fast, fortel operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det var klokka 10.55 fredag at mannen ringte politiet og fortalte at han stod fast ved Holsbruvatnet mellom Årdal og Tyin.

Det er likevel håp for den fastkjørte. For ifølgje vegmeldingssentralen skal ein brøytebil gå strekninga no i dag, og denne kan ta med seg mannen og bilen ned igjen til bedre kjøreforhold.

– Vi reknar med at dette ordnar seg. Dersom ikkje, skulle han ringe tilbake og gje beskjed, fortel Rimmen.