— Hadde ferja vore ein hest hadde ho vore skoten for lengst, seier handelsmann Bjørn Arne Mjåseth frå Atløy.

Han var om bord i MF «Aurland» som fekk motorstopp i 09.15-tida måndag.

— Ingen er skadd, men frustrasjonen er stor om bord. Vi er ein time forseinka, og det er ikkje første gong vi opplever problem med denne ferja. Det føyer seg inn i ei rekkje av stopp og verkstadopphald, seier han.

Ferja vart slept til lands av MF «Eid», som er den andre ferja i sambandet Askvoll-Gjervik-Fure.

- Veit aldri om ferja går

Mjåseth driv butikk på Atløy og var på veg for å henta varer då ferja fekk motorstopp.

— Ansvaret er heilt klart. Fylkeskommunen er største eigar i Fjord1. MF «Aurland» er frå 1977. Ho skulle vore skifta ut for lengst, seier han.

Andre bebuarar er også frustrerte.

— Dette er heilt håplaust for oss som bur her. Vi veit aldri når vi kjem oss over fjorden, for ferjene er så gamle at dei lever sitt eige liv, seier Arnhild Lervåg.

Fleire avgangar innstilt

Fleire avgangar vart innstilte medan Fjord1 arbeidde med å berge havaristen til lands.

— Det er bilferja «Aurland» som har fått motorstopp, og må ha slep. Ferja har kjent personell om bord og lukkeleg vis er vêret veldig fint. Den andre ferja i sambandet, MF «Eid», slepar no havaristen til lands, opplyser administrerande direktør Stig Kristoffersen i Fjord1.

— Passasjerane seier at ferja er for gammal og at dette er eitt av ei rekkje uhell og tekniske vanskar?

— Dette er ei gammal ferje. Det er rett at det har vore ein del utfordringar med ferja tidlegare. Men vi vil ikkje kommentera saka meir før vi veit kva som er årsaka til stoppen i dag. Den treng ikkje vere årsaka av forhold som har med alder å gjere, seier Kristoffersen.

Gjekk tom for diesel

Ifølgje passasjer Mjåseth opplyste mannskapet om bord at dei hadde kjørt ferja tom for diesel. Fjord1s driftssjef for sambandet, Terje Stub, bekreftar dette.

— Vi har undersøkt, og er no sikre på at motorstoppen skuldast at dagtanken med drivstofftilførsel gjekk tom.

— Så det har ikkje med ferjas alder å gjere?

— Nei, årsaka er rett og slett ein menneskeleg feil, seier Stub.

Klokka 10.17 var det igjen normalt drift på sambandet Askvoll-Gjervik-Fure.