Like før klokka åtte måndag kveld møtte den mannlege føraren ein trailer på E16 mellom Ljøsne og Lærdal i Sogn og Fjordane.

– Bilen skal ha kome for langt ut i grøfta og trilla rundt eit par gongar, men landa på hjula. Bilen vart totalvraka, men mannen kom heilskinna frå ulukka, seier Nils Bakke, operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Mannen vart køyrd til lækjar med ambulanse, men det var ikkje naudsynt å køyre han til sjukehuset i Lærdal. Det er ikkje mistanke om at mannen hadde promille då ulukka hende.

Brannvesenet vart tilkall på grunn drivstofflekkaje frå bilen. Dei måtte dirigere trafikken til politiet kom til staden.