Det viser ei studie gjort ved Senter for Klimaforskning, Cicero. Det er første gong at heile transportsektorens bidrag til oppvarming av jorda er kartlagt.

Oppvarmande effekt

– Utslepp frå fly har fått mykje merksemd, og dette er viktig. Men vi må ikkje gløyme vegtrafikken. Utslepp frå veg har ein sterk oppvarmande effekt, seier forskingsleiar Jan Fuglestvedt ved Cicero til NRK.

Fem Cicero-forskarar står bak studien, som har sett på korleis fly, vegtrafikk, skip og tog påverkar klimaet.

Cicero la tysdag ut resultata på heimesidene sine. Resultata blir også presentert i ein artikkel i forskingstidsskriftet Proceedings of the National Academy of Sciences.

Stadig meir bilkøyring

Årsaka til at vegtrafikken sørgjer for meir global oppvarming enn flytrafikk, er at han aukar sterkt, går det fram av rapporten.

Vegtrafikken står for tre firedelar av oppvarming frå all transport. Utslepp som skjer i dag, vil påverke klimaet på jorda i fleire hundre år framover, ifølgje forskarane.

(NPK)