PER MARIFJÆREN

Det var ved 19-tida den 24. november i fjor at den 53-åringen, som er dagleg leiar i eit bilfirma, etter tingrettens meining ikkje følgde godt nok med bak rattet.

På veg heimover etter eit møte med bransjekollegaer i Måløy passerte han eit gangfelt i sin store Toyota Landcruiser. Etter rettens meining var farten over 50 kilometer i timen då han trefte kvinna som var i ferd med å krysse gangfeltet i ei 60-sone.

I ein møtande bil — om lag 100 meter unna - kom også offerets bror kjørande, og han opplevde såleis å bli eit hjelpelaust vitne til tragedien.

Tingretten meinte at 53-åringen utan tvil var uoppmerksam ettersom han ikkje såg kvinna i gangfeltet, og retten kunne ikkje sjå andre grunnar til dødsulykka.

No har mannen anka dommen, og saka skal opp for Gulating lagmannsrett.

Retten legg opp til at ankebehandlinga skal skje i Nordfjord, blant anna fordi det er planlagt ei synfaring på ulykkestaden.

Ankesaka er enno ikkje beramma.