Politiet fekk melding om brannen klokka ti på åtte. Det var ingen i bilen då brannen starta.

— Brannen vart sløkt forholdsvis fort, men bilen har fått ein del skadar i motoren, og er ikkje køyrbar. Bilen stod parkert ute, og det er uvisst kva som har forårsaka brannen, seier lensmannsbetjent Karina Solberg ved Askøy lensmannskontor til Kystradioen.