PER MARIFJÆRENper.marifjaeren@bergens-tidende.no

Ljostveit fekk medhald i heradsretten, men tapte i lagmannsretten. To gonger har identiske saker blitt prøvd i høvesvis Nordfjord og Salten heradsrettar, og begge gonger vart gebyret oppretthalde.

No skal Høgsterett endeleg fastslå gjeldande rett i ei slik sak.

Like kamplysten Ljostveit vart landskjend då ho ikkje vedtok bot for å ha brukt beltet på feil måte. Ubehageleg gnag mot halsen gjorde at ho tok beltet under armen.

Sjølv om ho tapte saka i lagmannsretten, er Ljostveit optimist. Ikkje berre har saka hennar sluppe gjennom nålauga til Høgsterett, men justitiarius har også bestemt at det i motsetnad til lagmannsretten skal førast munnlege forhandlingar.

– Eg er stadig like kamplysten og spent, seier ho til Bergens Tidende. – På førelegget stod det at eg ikkje hadde brukt bilbeltet. Men eg hadde jo beltet på. Og ingen vil vel bli dømt for noko som dei ikkje har gjort?

Og her er Ljostveit inne på kjernepunktet i saka. Bilbelteforskriftene påbyr å bruke beltet, men seier ingenting om korleis.

Straff utan lov Sjølv om forskriftene ikkje er spesifikke på dette punktet, la Gulating lagmannsrett til grunn at trepunkts-beltet ikkje kan brukast som eit tilnærma hoftebelte.

Ljostveits advokat Terje Gjertsen meiner saka går på reine legalitetsprinsipp.

– Styresmaktene kan ikkje gje eit bilbeltegebyr for noko som ikkje er nedfelt korkje i lov eller forskrift, seier Gjertsen. – Sjølve grunnlova slår fast at ingen kan straffast utan lov. I dette tilfellet krev lova at ho brukar beltet, og det gjorde Sonja Ljostveit. Lova seier ingenting om på kva måte beltet skal brukast, og dermed kan ho ikkje ileggast gebyr for å ha brukt det på feil måte.

Slik Gjertsen ser det, spelar det i prinsippet ingen rolle om ho eventuelt har brukt beltet på ein mindre trafikksikker måte enn det normale.