Ulukka skjedde på Årbakke på Tysnes. Bilen kjørte utfor, og ned ein skråning.

Føraren, ein mann i 80-åra, vart berga ut og sendt til Stord sjukehus. Mannen var åleine i bilen då ulukka skjedde.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 19.47.

Det er ikkje mistanke om promillekjøring.