— Bilen køyrde utfor vegen i eit tre like ved tunnelen. Føraren var åleine i bilen, seier operasjonsleiar Kjell-Tore Aarnæs i Hordaland politidistrikt.

Den 49 år gamle mannen som køyrde bilen er frakta til Førde sentralsjukehus i helikopter. bt.no får opplyst ved sjukehuset at mannen har moderate skadar og at han blir behandla ved intensivavdelinga.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 17:47.

Undaltunnelen er ein tunnel på riksveg 57 i Gulen kommune mellom Sløvåg og Rutledal. Den er 590 meter lang, med stigning heile vegen og vart åpna i 1964. Den ligg ikkje langt frå Leversundbrua.

Her kan du lesa meir om Vegar i Gulen.