Ulukka skjedde på E39 i Movika ved Førde litt over klokka 10 på formiddagen.

— Mannen skal ikkje vere alvorleg skadd, men må ha hjelp for å komme seg ut av kjøretøyet. Han vil bli sendt til lege for ein sjekk når vi har fått kontroll på situasjonen, opplyser vakthavande ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politi og brannvesen er framme på staden.