Politiet i Gloppen fekk melding om trafikkuhellet i sentrum av Hyen klokka 03.10 natt til fredag.

– Ein bil køyrde inn i ei bygdesag, som sagar tømmerstokkar. Bilen kappa ein stolpe med straumførande leidning, og kraftlaget måtte kople ut straumen, seier operasjonsleiar Arild Klokkereit i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Leidningen låg på taket etter kollisjonen. Fire personar, tre menn og ei kvinne, var i bilen. Ingen av personane, som er i slutten av 30-åra, kom til skade.

– Fire personar blei pågripe og tatt blodprøver av. Alle var rusa, seier Klokkereit.

Personane blei dimittert frå Gloppen lensmannskontor i dag tidleg, og har så langt forklart lite om hendinga.

– Vi veit ikkje kven som køyrde bilen. Difor tok vi blodprøve av alle fire, seier Klokkereit.