Ein bil vart fredag kveld treft av ein stein på Brubakka ved Rubbestadneset på Bømlo.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 19.20.

Steinen skal ifølgje politiet hamna i vegbana i samband med vegarbeid.

Ein 32 år gammal mann vart frakta til legevakten med lettare skader etter ulykka.

Arbeidstilsynet er varsla om saka og vegarbeidet er stansa, i påvente av betre sikring.