Ifølgje den siste statusrapporten for Ferjefri E39 vil den nye hovudvegen langs kysten føra til eit samla fall på 0,7 prosent for norsk flytrafikk når bil erstattar fly på fleire kyststrekningar.

Det er Møreforsking Molde som saman med Transportøkonomisk institutt (TØI) har utført analysen av korleis flytrafikken vil utvikla seg med ein fullt utbygd og ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim.

«Det er sannsynlig at grunnlaget for ruten Bergen— Haugesund vil falle helt bort og at grunnlaget for ruten Bergen- Stavanger vil bli vesentlig svekket», konkluderer Møreforsking.

Nær halvparten i fly

Ein ferjefri veg mellom Stavanger og Bergen vil gi berre vel 40 minutt lengre reisetid med bil og buss enn med fly, medrekna tilbringartid til og frå lufthamnene. Flyet sitt forsprang blir kutta ytterlegare om maksimal fartsgrense på motorvegen blir høgare enn 80 km i timen, slik Vegvesenet går inn for. I dag er differansen to og ein halv time i favør av flyet, og lufttrafikken står for nesten halvparten av i alt nær fem millionar personreiser i året mellom dei to vestlandsbyane.

Framtidas E39 gjer det råd å køyra bil frå Haugesund til Bergen sentrum fire minuttar raskare enn det tek å nytta rutefly til same reisemål, viser tabellen frå Møreførskning og TØI.

Med ferjefri E39 får fleire menneske kortare køyretid til dei to store flyplassane i Bergen og Stavanger. Lufthamnene Flesland og Sola vil såleis trekkja til seg fleire innanrikspassasjerar, og stela frå mindre flyplassar som Haugesund og Førde, analyserer Statens vegvesen i Ferjefri E39 sin siste statusrapport.

Lågpris i Haugesund

Stord lufthamn overlever i dag på bedriftsreiser knytt til offshoreindustrien. Men også denne flyplassen vil li under sterkare konkurranse frå Stavanger og Bergen, nemner rapporten. Haugesund lufthamn på Karmøy har etablert seg på chartermarknaden med lågprisselskapet Ryanair. Ifølgje ferjefri-analysen kan nye E39 tilføra flyplassen vesentleg fleire charterreisande frå Stavanger og Bergen om denne satsinga blir vidareført.

For flyplassane i Førde og Sandane kommenterer rapporten at det uansett påverknad av den ferjefrie E39 vil vera politiske retningsliner som avgjer om dei framleis skal kunna eksistera. Dei er begge sårbare med sine 800 meter lange rullebanar utan høve til forlenging. Det same gjeld Ørsta Volda lufthamn på Hovden.

Ifølgje analysen frå Møreforsking vil utanlandstrafikken på Vestlandet i sterkare grad enn før konsentrera seg om Sola, Flesland og Vigra (Ålesund). Haugesund lufthamn vil i så måte vera avhengig av ei vidareutvikling av det eksisterande lågpristilbodet.

Den siste samfunnsrapporten om Ferjefri E39 oppsummerer at prosjektet vil bli eit prosjekt som får mykje å seia både nasjonalt og internasjonalt, med svært store samfunnsmessige verknader for ulike lokalsamfunn langs heile kysten frå Kristiansand i sør til Trondheim i nord.

— Ein sterkt utbetra E39 på Vestlandet vil ha dramatisk annleis effektar lokalt og regionalt - til ein viss grad også nasjonalt - enn utbetring av enkeltstrekningar mange andre stader. Ein ferjefri E39 vil gi veldig store tidsinnsparingar fleire stader, samstundes som den òg vil ha andre store verknader, konkluderer Statens vegvesen.