Klokka 15.30 fekk politiet i Haugalandet og Sunnhordland melding om ein bil som hadde kjørt utfor vegen ved Bjoa.

Bilen kjørte utfor og trefte ein murkant, spratt tilbake, trefte autovernet på andre sida og vart ståande midt i vegen.

— Jenta på 15 år som var passasjer i bilen fekk eit dunk i hovudet og vart sendt til sjukehus for sjekk, fortel operasjonsleiar Oddvar Olsen i Haugalandet og Sunnhordland politidistrikt til bt.no.

Både jenta og føraren er heimehøyrande i Vindafjord.