Politiet mistenkjer at føraren var påverka av alkohol då ein bil køyrde i fjellveggen i Aurland i totida natt til laurdag, opplyser politiet i Sogn og Fjordane.

Bilføraren stakk frå staden, mens bilen stod på ein slik måte at den blokkerte trafikken på staden.

Politiet pågreip bilføraren i eigen heim, etter at han hadde teke seg dit til fots. Han vart teken med til lege i Lærdal for blodprøvetaking. Føraren var tilsynelatande berre lettare skadd, men blei innlagt på sjukehus til observasjon etter natta.

Bilen fekk store skadar etter samanstøyten.