EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no — Det er ikkje morosamt, men ...

Trond Knutsen (46) ser mistrøstig på isstripene som dekorerer asfalten under radiatoren. Kjølevæska som skulle halde motortemperaturen under kontroll, takla ikkje kuldegradane. No er Trond på jakt etter slepetau. - Det begynte i dag tidleg. Då vi vakna var vatnet i huset frose, seier Knutsen. Han hadde ikkje tid til å gå i gang med vasstining. Sonen Torjus skulle på barneklinikken til kontroll, og far skulle vere skysskar Kom tåke frå bilen - Eg såg at temperaturmålaren stod og stanga i taket, og skjønte at noko var gale. Men vi hadde det travelt, og måtte berre køyre på, seier Knutsen. I siste bakken opp Klaus Hanssens vei var det jamnt slutt.- Torjus sa at det kom tåke frå bilen. Det låg som ei sky bak oss. Så var det plutseleg stopp, seier snekkaren.Kona og Torjus måtte gå siste bakken opp til klinikken, medan far kunne konstatere at radiatoren var lekk som ein sil og at toppen på motoren mest sannsynleg er øydelagt.- Han har vorte for varm, og så har det sagt "poff", seier Knutsen, som er innstilt på at han må kjøpe ny bil. Tele i barnehagen For fire år gamle Torjus vart det reint for mykje til slutt. For då han kom til Rosetårnet barnehage på Nygårdshøyden etter klinikkbesøket, hadde kuldegradene herja på vaskerommet. Vaskemaskinen var frosen, servanten like- Då ville han ikkje vere der. Så han måtte bli med mor på arbeid i dag, seier far - på veg heim for å tine vassrøyr. LES OGSÅ: Farlig kaldt for de fattigste Kuldesjokk for asyl-barn