Hans K. Mjelva

— Det kom ein motorsykkelist på veg sørover, og i Haukåskrysset køyrde ein bil ut i vegen utan å vere merksam på motorsykkelen. Det small, og motorsykkelisten er sendt på sjukehus. Men vi reknar ikkje med alvorlege skader, seier operasjonsleiar Bjørn Alvseike i Haugalandet og Sunnhordland politidistrikt.

Bilisten har fått inndrege førarkortet for ikkje å ha halde vikeplikta. Det skal ikkje vere mistanke om promille.