I firetida i går kolliderte ein personbil og ein lastebil på riksveg 48 ved Hafskor i Fusa kommune.

Føraren av personbilen vart frakta til Haukeland med lettare skadar.

Dei to bilane kolliderte i ein krapp sving der vegen er smal. Vegen vart opna att etter vel ein time.