Litt etter klokka tre i natt brasa den unge bilføraren inn i ein hage i Førde. Politiet rykka ut kort tid etter, men då patruljen kom fram var både bilen og føraren vekk. Men det låg eit viktig spor att i hagen; det eine bilskiltet.

— Det tok difor ikkje lang tid før bilen og eigaren var lokalisert, seier operasjonsleiar Einar Vereide i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet mistenkte at bileigaren som var rusa, sjølv hadde køyrt bilen. Den unge kvinna tilsto at det var tilfelle.

Køyringa førte til skadar på to hagar i Angedalsvegen og fleire trafikkskilt. Inger personar kom til skade, men kvinna blei fråteken førarkort på staden.