Ulykka skjedde på Europaveg 39 mellom Eikefet og Vikanes i Lindås kommune. Ein mann er skadd og politi og ambulanse er på staden.

Det var klokka 21.14 laurdag kveld politiet fekk melding om at ein bil hadde fått snurr og krasja i ein lyktestolpe på Europaveg 39 mellom Eikefet og Vikanes. Det var berre ein bil med ein person som var involvert i ulykka. Mannen, som skal vere lettare skadd, er sendt til legevakta i Knarvik.

Lyktestolpen er knekt og leidningar i vegen har hindra trafikken. Klokka 23.45 hadde politiet ikkje fått rydda opp og måtte dirigere trafikken forbi ulykkesstaden.