Tips eller bilder? Send MMS/SMS til 2211, eller skrive-post

Klokka 12.30 fekk politiet melding om at ein bil har køyrd i fjellveggen i Fløyfjellstunnelen, nordgåande retning.

— Det var to barn og éin vaksen i bilen som kolliderte, ingen av dei skal vere alvorleg skadd, men dei er tatt med til legevakt for sjekk, seier Morten Kronen i Hordaland politidistrikt.

Klokka 13.20 er bilen fjerna, men trafikken blir dirigert manuelt inne i tunnelen medan oppryddingsarbeidet pågår.

Det er lange køar mot sentrum frå Danmarksplass, i følgje politiet.

— Bilistane må rekne med store forseinkingar utover dagen. Det er fredagsrush og dårleg føre på vegen, så folk små smøre seg med tolmodigheit, seier Kronen.

Like før 13.30 rykkar politiet ut på ny, etter at ein bilist gjekk tom for straum inne i tunnelen.