Klokka 13.53 onsdag fekk politiet meldom om at ei kvinne har køyrd i husvegg like ved idrettsbane på Hauge i Bremanger.

Åleine i bilen

— Me veit førebels ikkje kor alvorleg skadeomfanget er. Naudetatane er på veg til staden, seier Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Kvinna var åleine i bilen.

— Vi undersøker saken og kan så langt ikkje seie noko meir, seier påtroppande operasjonsleiar Espen Gulliksen i 16.30-tida.

Flydd med helikopter

Det siste han veit er at kvinna vart sendt med helikopter til sjukehuset.

sjukehuset sin heimeside står det at kvinna er 80 år, men ikkje noko om tilstanden hennar.