Ulykka skjedde på E39 ved Birkeland mellom Sande og Vadheim klokka 06.36 fredag morgon.

— Ein bil har gått rundt på taket og ned i ei elv, ifølge politiet i Sogn og Fjordane.

Både ambulanse, politi og brannvesen vart sendt til staden.

Personen som var i bilen kom seg ut på eiga hand. Mannen, som er i slutten av tenåra, blei teken med i ambulanse til sentralsjukehuset i Førde for nærare undersøkingar.

Årsaka til ulykka er ukjend, og politiet vil etterforske saka vidare.