Ein personbil med ei kvinne og to små barn velta og vart liggjande på taket ved hovudvegen mellom Sandneset og Rekve like aust for Bulken sentrum.

Ulykka vart meld til politiet klokka 19.07. Ein medtrafikant kom til, og hjelpte dei som var i bilen ut av køyretyet. Dei tre vart køyrde til Voss sjukehus i ambulanse, dei var tilsynelatande berre lettare skadde.

Ulykkesbilen, ein liten Peugeot stasjonsvogn, var på veg mot Voss. I første sving etter Bulken, ved Sandneset, har bilen kome over motgåande køyrefelt og utfor vegen på venstre side.

I neste omgang har køyretyet kome inn att på i vegbana, velta og hamna på taket i høgre køyrefelt.

Trafikken vart dirigert framom ulykkesstaden i eit køyrefelt og på gamlevegen, men vegen skal snart vera rydda og opna for trafikk.

RUNDT: Ingen av dei tre i bilen skal vere alvorleg skadde etter at bilen hamna på taket mellom Bulken og Voss. FOTO: ARNE HOFSETH (MMS)