– Det er ein bil som har stått parkert ved Handelshuset og så har den trilla i elva fordi parkeringsbremsa ikkje var på, seier operasjonsleiar Kjetil Avsnes i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det var ingen personar i bilen, har politiet fått stadfesta av bileigaren. Bilen har drive eit stykke ned-over elva frå kjøpesenteret Handelshuset i sentrum av Førde, og så sokke.

Politiet fekk melding klokka 17.20.

FORSVANN: Slik vart personbilen liggande i elva før han sokk.
Nils P. Støyva