Også ein tredje bil var involvert i ulykka. Fire personar er brakt inn til Haukeland for sjekk etter smellet. Ingen har fått alvorlege skader. Ulykka skjedde ved kjøpesenteret Gullgruven i Åsane klokka 22 torsdag kveld.

– Føraren som me tok førarkortet frå køyrde mellom 80 og 90 kilometer då det small, opplyser operasjonsleder i Hordaland politidistrikt, Sven Johannessen. Ifølgje han var det store materielle skader etter samanstøtet. Politiet fekk melding om trafikkulykka klokka 22.09, og ambulansetjenesten, brannvesenet og politiet rykka snart ut til rundkøyringa.

Erlend Spurkeland