Patruljen frå politiet i Sogn og Fjordane avslutta utrykkinga til Hedjadalen i halv fem-tida laurdag ettermiddag.

– Vi fekk melding klokka kvart på tre om at ein bil sto i brann. Bilen er no taua inn, og saka vil bli etterforska på måndag – slik vi gjer ved alle brannar, seier Einar Vereide, operasjonsleiar i Sogn og Fjor-dane politidistrikt.