Hadde ikkje politiet brukt så lang tid på etterforsking, ville stordabuen gått rett i fengsel. I staden dømmer Sunnhordland tingrett han til 60 dagars fengsel på vilkår. I tillegg må Hermansen betala tilbake 102.000 kroner til forsikringsselskapet Trygg Hansa, pluss 3000 i sakskostnader.

— Fly forbanna

— Eg er fly forbanna og overraska over at dommarane kunne tru på dei som vitna imot meg. Dette skal ankast, seier Thor Hermansen.

Stridens kjerne var ein raud, 1992-modell sportsbil av merket Toyota MR2 som Thor Hermansen eigde, og som han i mars 2001 melde stolen i Stavanger.

Etter å ha fått utbetalt 120.000 kroner i forsikringspremie, fekk Hermansen ifølgje eige utsegn greie på at ein tidlegare kamerat av han hadde stole bilen. Denne kameraten sa i retten at Hermansen sjølv førte bilen over til han i Sandefjord og etterlet han der.

Uvenskap

Tingretten legg ikkje vekt på uvenskapen som i ettertid har oppstått mellom Hermansen og to sentrale vitne i saka, to tidlegare kameratar av han. Retten finn det prova at Hermansen køyrde bilen til Austlandet og fekk han skjult der, for så å melde bilen stolen.

Aktor i saka kravde 60 dagars fengselsstraff utan vilkår då saka var oppe i retten 28.januar.